Adolf Wichstrøm
Quick Facts
Biography
Adolf Julius Wichstrøm (21. juli 1850–21. februar 1910) var ein sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Kristiania. Han var medlem av Venstre.
Far til Wichstrøm arbeidde i revisjonsdepartementet. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1868 og cand. jur. i 1874. I eit par år var han fullmektig på eit advokatkontor i heimbyen, før han i 1875 slo seg ned som overrettssakførar i Farsund. Åra 1879-91 var han tilsett i statsrevisjonen, fyrst som kopist og sidan som sekretær. Frå 1891 var han både fut og sorenskrivar i Alta, etter embetet vart delt i 1898 heldt han fram som sorenskrivar.
Wichstrøm var i si tid ordførar for Farsund bystyre. Perioden 1879-92 var han medarbeidar i avisa Verdens Gang. 1886-88 var han formann i Kristiania arbeidersamfunn. Han var 1892-94 formann i skattekommisjonen for Finnmark.
Wichstrøm vart for perioden 1910-12 vald til å vere Vest-Finnmark sin representant på Stortinget. Valet vart ikkje godkjent før ut i mars månad. Då hadde Wichstrøm allereie døydd i Kristiania, dit han var komen for å gå i gang med gjerninga som stortingsmann.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg, side 953-954, Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Adolf Wichstrøm NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv