Wilhelm Dietrichson

Norwegian politician and farmer
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician and farmer
PlacesNorway
wasPolitician Farmer
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth30 July 1880
Death4 August 1949 (aged 69 years)
Star signLeo
Politics:Centre Party
Awards
Knight First Class of the Order of St. Olav‎1946
The details

Biography

Wilhelm Sigvard Hjorth Dietrichson (30. juli 1880–4. august 1949) var ein norsk organisasjonsmann, skuleleiar og politikar frå Oslo.

Dietrichson, som var son til ein løytnant i hæren, tok eksamen ved Noregs Landbrukshøgskule i 1901. Han arbeidde så som frømeklar ved Felleskjøpet i Oslo frå 1903 til 1908. I 1910 fekk han stilling som sekretær i Norsk Landmandsforbund, omgjort til generalsekretær frå 1920. Samstundes vart han den fyrste generalsekretæren i den nyskipa partiorganisasjonen som seinare fekk namnet Bondepartiet. Han var generalsekretær i Bondepartiet til 1931 og i Norges Bondelag til 1941, avsett av NS-styret. I 1945 kom han tilbake som generalsekretær i Bondelaget for nokre månader. Han «la ned eit stor arbeid som organisator og foredragshaldar» og «skreiv mykje om bondereising i dagspressa».

Dietrichson representerte Nedre Romerike valkrins og Landsmandsforbundet på Stortinget perioden 1919-21, medlem i landbrukskomiteen. Han sat i Kråkstad heradsstyre 1922–25.

I 1918 kjøpte Dietrichson garden Finstad i Ski, der han frå 1922 dreiv Follo landbruksskole. Han var styrar av skulen fram til han døydde i 1949.

Dietrichson vart i 1946 utnemnd til riddar av 1.klasse av St. Olavs Orden.

Notar

  1. Norsk Allkunnebok. III. bandet:377
  2. Norsk Allkunnebok. III. bandet:377
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 07 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.