Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian politician | |
Places | Norway | |
was | Politician | |
Work field | Politics | |
Gender |
| |
Birth | 10 October 1878 | |
Death | 4 September 1945 (aged 66 years) | |
Star sign | Libra | |
Politics: | Liberal Party |
Biography
Tov Aslaksson Flatin (10. oktober 1878–4. september 1945) var ein lærar, gardbrukar, lokalhistorikar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kommunemann. Kjetil Aslaksson Flatin var bror hans.
Flatin var fødd i Seljord. Han gjekk Telemark lærarskule 1895-96 og på lærarseminar i Seljord 1898. Sidan var han lærar i Morgedal 1898-1900 og frå 1900 til 1943 i Flesberg. I Flesberg var han også gardbrukar. Elles var han formann i venstrelaget og ordførar i heradet.
Tidleg tok Flatin til med å samle inn og gje ut folkeminne, og var frå 1918 statsstipendiat. Tida 1913-28 gav han ut seks band om Gamalt fraa Numedal, medan firebandsverket om Flesberg-soga kom over ein periode på 30 år frå 1917. Også tre band bygdesoge for Seljord stod Flatin bak. Eit særkjenne ved forfattarskapen er det store innslaget av folkeminnestoff i bygdebøkene.
Han var med å stifte Numedal sogelag i 1912, også medstiftar og leiar av Landslaget for folkeminnesamlarar og styremedlem for Lågdalsmuseet. Perioden 1915-18 gav han ut tidsskriftet Numedal, og åra 1919-27 tidsskriftet Dølaminne.
Verk
- Flesberg-maalet. 1910; ny utg 1923
- Gamalt fraa Numedal. 7 bd. 1913-1939 (faksimile 1983-84)
- Buskerud Amt jubilæumsskrift. 1914
- Flesberg skulesoga. 1917
- Flesberg, fraa dei eldste tider til no. 4 bd. 1914-1947
- Innsamling av folkeminne, ei rettleiing. 1920
- Noka æventy aa gamle truir, samla i selljor. 1922
- Redaktør av broren Kjetil Flatins Tussar og trolldom. 1930
- Flesberg heradsstyre 1837-1937. 1937
- Seljord. 3 bd. 1942-54
Litteratur om Flatin
- Reimund Kvideland: «Tov Flatin» I: Norsk biografisk leksikon
Kjelder
- Norsk Allkunnebok, IV. bandet, 1953