Tappelino

Norwegian streamer and political pundit
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian streamer and political pundit
PlacesNorway
isOnline streamer Political commentator
Work fieldInternet Politics
Gender
Male
Birth13 January 1998, Oslo, Oslo Municipality, Norway
Age27 years
Star signCapricorn
The details

Biography

Benjamin Foss (fødd 13. januar 1998), kjend som Tappelino, er ein norsk streamer på YouTube. Foss vart i 2019 nemnd som ei av den nye generasjonen TV-stjerner samanlikna med tradisjonelt fjernsyn.

YouTube

Hovudkanalen TaPPeliNo hadde per april 2022 over 40 000 abonnentar. Tappelino har vorte omtalt som Noregs mest kontroversielle youtubar. Innhaldet til Foss på YouTube er komedie, satire og seriøse saker, desse kan òg overlappa kvarandre. Per april 2022 var hovudkanalen lagt på is.

Foss har ved tre høve vorte meld for truslar, trakassering og omsynslaus åtferd av Mia Landsem etter at han kritiserte henne. Alle meldingane vart lagde bort.

Streaming

Foss er permanent utestengd frå videostrømmingssplattformen Twitch. Foss sender direkte tre gangar i veka på youtubekanalen TappeStream. Innhaldet han strøymer er ofte knytt til nyheiter, diverse populærkultur, influensarar og politikk. I februar 2021 vart Foss utsett for «spoofing» medan han strøymde direkte på youtube, ved at nokon sende ein falsk bombetrussel frå Vipps-profilen til Foss.

Media

I oktober 2017 gjekk Dennis Vareide til sivilt søksmål for ærekrenking mot Foss. Saka gjekk i Oslo tingrett i januar 2018 og måtte haldast i sal 250 på grunn av mange frammøtte tilskodarar. Foss prosederte sjølv og meinte det var fordi han ikkje har råd til forsvarar. Advokat for Vareide var Jon Wessel-Aas. Dommar var Kim Heger. Oslo tingrett dømde saksøkte for ærekrenkingar og til å betala oppreisning på 50 000 kroner i tillegg til saksomkostningar på 90 000 kroner. Retten la vekt på at det på ingen måte gjaldt andre juridiske reglar for den typen videoar eller for YouTube eller andre sosiale medium generelt og at ein ikkje kunne komma unna å urettmessig skulda nokon for straffbar forhold under dekke av at det var satire.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 24 Dec 2023. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.