Sivert E. Dyrland

Norsk bonde og politikar
The basics

Quick Facts

IntroNorsk bonde og politikar
PlacesNorway
wasPolitician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth5 June 1848, Karmøy
Death16 February 1947 (aged 98 years)
The details

Biography

Sivert Eriksson Dyrland (5. juni 1848–16. februar 1947) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Skudenes i Rogaland. Han var stortingsmann for Samlingspartiet/Høgre i tida 1906-12.

Dyrland var son til ein leiglending i Skudenes herad. I sine yngre år dreiv han fiskje, både i Nordland og makrellfiskje i Nordsjøen. Han kjøpte i 1878 halvparten av faren sitt bruk på Dyrland og fem år seinare overtok han ein halvpart av gardsbruket til svigerfaren, også det på Dyrland.

Dyrland var «prestens medhjelpar» frå 1878 og åstadskommissær frå 1890. Han var medlem i heradsstyret i mange år, og styremedlem 1886-1905 i fellesforeininga for indremisjonslaga Karmsund prosti.

Valperiodane 1906-09 og 1910-12 representerte han einmannskrinsen Karmsund på Stortinget, den fyrste perioden var han med i Næringskomite nr 2, i den siste i Kyrkjekomiteen og Lagtinget.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Autoritetsdata
Autoritetsdata
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 24 Aug 2019. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.