Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian writer | |
Places | Norway | |
is | Writer | |
Work field | Literature | |
Gender |
| |
Birth | 19 September 1959, Bergen | |
Age | 65 years |
Biography
Siri Ingvaldsen (fødd 19. september 1959) er ein norsk bibliotekar og lærar. Ho er fødd i Bergen og busett i Dale i Sunnfjord i Fjaler kommune sidan 1983.
Ingvaldsen er bibliotekar og lærar, med hovudfag i historie. Ho har vore tilsett mellom anna ved Universitetet i Agder, Haugland Internasjonale Forskings- og Utviklingssenter (HIFUS), Røde Kors Nordisk United World College, i Fjaler kommune og i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Sidan 2013 har ho vore tilsett som fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane.
Ingvaldsen har bidrege i bokprosjekt og tidsskrift med artiklar om bibliotekfaglege og historiske emne, og mellom anna vore prosjektleiar for prosjekt knytte til Gulatinget i Gulen kommune og internasjonalt tingstadsamarbeid i Nord-Atlanteren. Boka Gulatinget, utgitt på norsk i 2011 og engelsk i 2012, er resultat av eit formidlingsprosjekt om tingstaden.
I perioden 2009-2013 var Siri Ingvaldsen leiar i Program for skulebibliotekutvikling, ei nasjonal satsing som Universitetet i Agder gjennomførte på vegner av Utdanningsdirektoratet.
Bibliografi
Bøker
- 1996 – Rette foreldre og virkelige barn : norsk adopsjonslovgivning 1917-1986 (Bergen) Tilgjengeleg i bokhylla.no [Hovudoppgåve i historie - Universitetet i Bergen, 1996 II]
- 2002 – Blind høne kan finne korn, men kan ho skilje klinten frå kveiten? : undervisning i informasjonssøking i vidaregåande skule (Dale)
- 2008 – Nogle ord til den vestlandske bonde : Landmark-familien i folkeopplysningsarbeid og nasjonsjonsbygging 1808-2008 (Tysse: Lillingstonheimen) . ISBN 978-82-997871-0-9 [Utg. av Haugland internasjonale forskings- og utviklingssenter A/S. Red. av: Magne Bjergene og Siri Ingvaldsen]
- 2009 – Democracy and the welfare state : the Nordic nations since 1800 (Aarhus: Turbine) . ISBN 978-87-7090-105-5 [Av Siri Ingvaldsen, Thomas Larsson og Erik Overgaard Pedersen]
- 2011 – Tekstmangfold og tilpasset opplæring i skolebiblioteket : ressursskoler 2010-2011 i Program for skolebibliotekutvikling (Kristiansand: Program for skolebibliotekutvikling, Universitetet i Agder) . ISBN 978-82-998687-0-9
- 2011 – Gulatinget (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-046-6
- 2012 – Gulatinget (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-051-0 [Engelsk utgåve]
- 2012 – Lærelyst og leseglede i skulebiblioteket : ressursskular 2011-2012 i Program for skulebibliotekutvikling (Kristiansand: Program for skolebibliotekutvikling, Universitetet i Agder) . ISBN 978-82-998687-2-3 [Av Siri Ingvaldsen, Anne Kari Slettan og Inger Berg Wilhelmsen]
- 2013 – Undre og spørje, skape og dele- : skulebiblioteket i undervisninga : ressursskular 2012-2013 i Program for skulebibliotekutvikling (Kristiansand: Program for skolebibliotekutvikling, Universitetet i Agder) . ISBN 978-82-998687-4-7 [Av Mari-Anne Mørk, Inger Berg Wilhelmsen, Siri Ingvaldsen]
- 2016 – Media and information literacy in higher education : educating the educators ( Chandos Publishing) . ISBN 978-0-08-100630-6 [Red. av Dianne Oberg, Siri Ingvaldsen]