Richard Gustav Furuholmen

The basics

Quick Facts

Gender
Male
Birth17 October 1887
Death27 March 1963 (aged 75 years)
Star signLibra
The details

Biography

Richard Gustav Furuholmen (17. oktober 1887–27. mars 1963) var ein norsk ingeniør og båtkonstruktør. Han var fødd i Varteig ved Sarpsborg. Han teikna sin første båt i 1906. Etter nokre år i USA, der han mellom anna arbeidde med teikning av motorbåtar, arbeidde han som båtkonstruktør i Oslo frå 1916. I 1919 starta han eiga konstruksjons- og konsulent verksemd. Furuholmen er særleg kjend for motorbåtane han konstruerte. Åleine, eller saman med andre, konstruerte han over 1500 ulike motorbåtar.

Saman med Otto L. Scheen, som han frå 1954 samarbeidde med i firmaet Furuholmen & Scheen, konstruerte han fleire redningsskøyter. Særleg hadde dei mykje arbeid med utviklinga av redningskryssarane i stål.

Han mottok Kongens fortenestmedalje i gull i 1962.

Kjelder

  • furuholmen.com
  • Bjørn Foss: Fra seil til vannjet (Norsk Maritimt Forlag, 2002).
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.