Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Places | Norway | |
Gender |
| |
Birth | 21 March 1879 | |
Death | 15 September 1961 (aged 82 years) | |
Star sign | Aries | |
Politics: | Nasjonal Samling |
Biography
Ragna Prag-Magelssen (fødd 21. mars 1879 som Ragna Pedersen, daud 15. september 1961) var ei norsk organisasjonskvinne som var kultur- og opplæringsleiar i Nasjonal Samling sin kvinneorganisasjon og sentral i dyrevernrørsla.
Familie og bakgrunn
Ragna Prag-Magelssen var fødd på Ådalsbruk i Løten. Ho var dotter av forvaltaren på Ådals bruk i Løten, Mathias (Maths) Pedersen og hustru Gunhild Olsen. Ho var faster til arkitekten Rolf Prag. Ragna og fleire andre familiemedlemmer endra etternamna sine til Prag ein gong før 1915. Ho vart gift 16. mars 1916 på Hamar med tannlege Johannes Magelssen.
Liv og virke
Ragna Prag-Magelssen var frå slutten av 1890-åra tilsett i Oplandske Kreditbank på Hamar. Ho vart seinare medlem av Norske Kvinners Nasjonalråd. I perioden 1928-38 var ho formann i Hamar og omegns dyrebeskyttelsesforening. Ho var deretter varamedlem i styret for Norges Dyrebeskyttelsesforbund.
Ho vart tidleg medlem av Nasjonal Samling og stod på listene til Stortingsvalet i 1933 i Hedmark. I NS vart ho etterkvart kultur- og opplæringsleiar i NS’ kvinneorganisasjon (NSK), der Olga Bjoner var leiar. I 1942 vart ho omtalt som «konsulenten for kvinnespørsmålene» i Kulturdepartementet.
Ragna Prag-Magelssen dreiv dessutan i ei årrekke ei antikvitetsforretning på Hamar.
I dommen mot Ragna Prag-Magelssen etter andre verdskrig «ble det lagt vekt på hennes arbeid med å nazifisere kvinneorganisasjonene og hennes utstrakte kursvirksomhet og studiesirkler for å lære kvinnene opp i nyordningens tanker.»
Dette arbeidet resulterte mellom anna i boka Også vi når det blir krevet ... : Innlegg fra norske kvinner om den nasjonale, moralske og politiske gjenfødelse i Norges skjebnetime, der ho var redaktør. Boka kom ut på Blix forlag.
Bibliografi
- Ragna Prag Magelssen, red. (1942). Også vi når det blir krevet ... : Innlegg fra norske kvinner om den nasjonale, moralske og politiske gjenfødelse i Norges skjebnetime. Oslo: Blix forlag (i kommisjon).
Referansar
- Denne artikkelen bygger på «Ragna Prag-Magelssen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2013.
- ↑ Statens Kvinnelige Industriskole 1875-1950
- ↑ «Kvinner som svek»
Kjelder
- Hamar Stiftstidende 39.21.3
- Registreringssentral for historiske data (RHD) – http://draug.rhd.isv.uit.no/
- Bygda og bruket – I serie: Lautin. Særutg. – Forfatter: Andreas Bekkevoll – 1981
- Dyrenes beskyttelse, 1933
- Dyrenes Ven, 1938
- SSB: Stortingsvalget 1933 – http://www.ssb.no