Per Tang
Norwegian cartographer
Intro | Norwegian cartographer | |||
Places | Norway | |||
was | Cartographer Military officer | |||
Work field | Arts Military Science | |||
Gender |
| |||
Birth | 1 June 1882, Hafslo, Luster, Sogn og Fjordane, Norway | |||
Death | 31 October 1954 (aged 72 years) | |||
Star sign | Gemini | |||
Education |
|
Per Tang (1. juni 1882–31. oktober 1954) var ein norsk offiser og kartograf. Han var frå Hafslo i Luster kommune. Tang tok eksamen frå den Militære høgskulen i 1907 og arbeidde i generalstaben frå 1909. Frå 1913 arbeidde han i Norges geografiske oppmåling, frå 1918 til 1948 som topograf. Tang grunnla grensearkivet til oppmålinga og bidrog til å fastsetja Norge sine administrative grenser. Han arbeidde også med å berekna arealet for norske fylke og kommunar. I 1946 var han konsulent for Kommuneinndelingskomitéen.
Tang var historisk interessert, og var ein av grunnleggjarane av Historielaget for Sogn i 1909, og av Sognelaget i Oslo i 1914. Han bidrog til ei rekkje bygdebøker, og han skreiv artiklar om Norges geografi til Norsk Allkunnebok.