Peder P. Spilling

The basics

Quick Facts

PlacesNorway
wasPolitician Farmer
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth15 February 1840, Audnedal, Vest-Agder, Norway
Death6 May 1914Vigmostad (Vest-Agder), Lindesnes, Vest-Agder, Norway (aged 74 years)
Star signAquarius
The details

Biography

Peder Pedersson Spilling (15. februar 1840–6. mai 1914) var ein norsk gardbrukar, utskiftingsmann, ordførar og stortingsmann frå Audnedal i Vest-Agder.

Spilling var son til ein gardbrukar. Han gjekk på amtet sin høgare allmennskule 1855-56. Seinare, 1861-62, fekk han privat undervisning hos utskiftingsformannen i amtet, og atter seinare hos ein oberstløytnant i Kristiansand.

Spilling tok over farsgarden i 1865 og dreiv han til 1910. 1896-1910 var han i tillegg utskiftingsformann i det som i dag er Vestfold, Telemark og Agder-fylka, samt 1897-1906 styrar av skjønnsforretningar i Lister og Mandals amt og i Romsdals amt.

Han var ordførar i heradsstyret 1879-1904. Elles var han forlikskommissær frå 1884 og formann i amtsskulestyret frå 1896. Vidare var han formann i Vest-Agder skogselskap 1902-12, og hadde tidlegare vore medlem av styra for både amtet sin landbruksskule og sjukehuset i amtet.

Spilling var 1. representant frå Lister og Mandals amt på Stortinget 1877-79. Han var medlem av næringskomite nr 2. I 1878 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om utskipinga.

Spilling var innehavar av St. Olavs Orden.

Peder E. Spilling, som også var stortingsrepresentant, var sonen hans.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.