Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian judge | ||
A.K.A. | Peder Martin Ottesen | ||
A.K.A. | Peder Martin Ottesen | ||
Places | Norway | ||
was | Judge Politician | ||
Work field | Law Politics | ||
Gender |
| ||
Birth | 17 September 1783, Høyland, Sandnes, Rogaland, Norway | ||
Death | 18 March 1852 (aged 68 years) | ||
Star sign | Virgo | ||
Family |
|
Biography
Peder Martin Ottesen (17. september 1783–18. mars 1852) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.
Ottesen var fødd på Høyland prestgard. Han vart student i 1804 og cand. jur. i 1807. 1807-10 var han byråsjef i den norske regjeringskommisjonen, kansellisekretær i 1811. I 1813 vart han sorenskrivar i Inderøy, og i 1818 assessor i Akershus stiftsoverrett. 1826-28 var han amtmann i Stavanger amt, deretter borgarmeister i Kristiania frå 1828. I 1836 vart han assessor i høgsterett, og var såleis medlem av riksretten både i 1836 og i 1845.
Ottesen var 1. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget i 1818. Han var visesekretær i Lagtinget og medlem av 17 komitear. I ein av komiteane var han formann, sekretær i fire andre. Han var formann i komiteen om søndagsfiskje, sekretær i mellom anna komiteen om seminar og lærarløner og i komiteen om geistlege embetsmenns løn.
Han døydde i Kristiania i 1852.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak (1914). «Ottesen, Peder Martin». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Kristiania: [Steen'ske bogtrykkeri]. s. 677.
- Biografisk informasjon om Peder Ottesen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv