Biography
Lists
Also Viewed
The basics
Quick Facts
Places | Norway | |
was | Farmer Politician | |
Work field | Politics | |
Gender |
| |
Birth | 2 October 1827, Drangedal, Telemark, Eastern Norway, Norway | |
Death | 26 February 1907 (aged 79 years) | |
Star sign | Libra |
The details
Biography
Peder Ellingsson Voje (2. oktober 1827–26. februar 1907) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Drangedal i Telemark.
Voje tok over farsgarden i 1865 og dreiv denne. I 1887 vart han eigar av garden Lundereid i Sannidal sokn og busette seg der i 1903. Litt før 1910 busette han seg på garden Dal i Sannidal, ein gard han hadde eigd sidan 1861.
Voje var ordførar i Drangedal 1863-81, på nokre få år nær. Han var medlem av Bandakkomiteen og av den fyrste jarnbanekomiteen i amtet. Elles styreformann i Drangedals trelastbolag.
Voje representerte Bratsbergs amt på Stortinget frå 1868 til 1876. På alle tingsamlingane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1873-76 også av Lagtinget.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Peder E. Voje NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv