Paul Okkenhaug

Norwegian musician and composer
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian musician and composer
PlacesNorway
wasMusician Composer Farmer
Work fieldMusic
Gender
Male
Instruments:Organ
Birth30 June 1908
Death30 November 1975 (aged 67 years)
Star signCancer
The details

Biography

Paul Okkenhaug (30. juni 1908–30. november 1975) var ein norsk komponist og organist. Han er mest kjend som komponist av musikken til Spelet om Heilag Olav, som vert framført ved Stiklestad nasjonale kultursenter kvar sommar.

Okkenhaug var fødd i Frol i Levanger. Han var odelsgut på garden Okkenhaug, og son til forfattaren Sigrun Okkenhaug. Han voks opp i eit kreativt miljø, og utdanna seg til organist ved Norges Musikkhøgskole (det dåverande Musikkonservatoriet) i Oslo og var tilsett ein periode i Nidarosdomen. Han fekk undervising i komposisjon hjå Bjarne Brustad og seinare hjå David Monrad Johansen og Geirr Tveitt.

I 1946 fekk Okkenhaug komponiststipend og han nytta dette til eit opphald i København. I 1949 vart han tilsett som organist i Levanger kyrkje, der han virka resten av livet.

Han var ein dyktig improvisatør og ein allsidig komponist.

Markeringar

Paul Okkenhaug-dagane har vore skipa i Levanger i 2001, 2005 og i 2008, hundreårsjubileet for fødselen til Okkenhaug.

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.