Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian amtmann and politician | ||
Places | Norway | ||
was | Film director Politician Politician | ||
Work field | Film, TV, Stage & Radio Politics | ||
Gender |
| ||
Birth | 3 May 1779, Kongsberg, Buskerud, Eastern Norway, Norway | ||
Death | 19 August 1839Bærum, Akershus, Eastern Norway, Norway (aged 60 years) | ||
Family |
|
Biography
Paul Frederik Michael Heltzen (3. mai 1779–19. august 1839) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kongsberg.
Heltzen var fødd på Kongsberg, men voks opp i Trondheim, der faren Christian Ernst Heltzen var berghauptmann. Sjølv vart han cand. jur. i 1801, og så fyrst fullmektig hos sorenskrivar i Finnmark, deretter i Stjørdal og Verdal. År 1805 tilsett i det kongelege generalkommisariatet, 1806 auditør i Holsten. Frå 1810 var han sorenskrivar i Aker, han kjøpte i 1814 eigedommen Øvre Stabekk i Bærum og budde der til 1836.
Hausten 1814 representerte Heltzen Akershus amt på det første overordentlege Stortinget. På ny valt til Stortinget 1827, han var då medlem av Lagtinget og dermed riksretten. Elles var han sekretær i militærkomiteen og medlem av komiteen om bygningvesenet i Kristiania. På det overordentlege Stortinget 1828 var han visesekretær i Lagtinget.
Han flytta i 1836 til Kristiania og døydde der i 1839.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Paul Heltzen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv