Ottar Starheim

Norwegian writer
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian writer
PlacesNorway
wasWriter
Work fieldLiterature
Gender
Male
Birth16 March 1946
Death18 May 2012 (aged 66 years)
Star signPisces
The details

Biography

Ottar Starheim (16. mars 1946–18. mai 2012) var ein journalist, redaktør og lokalhistorisk forfattar fødd på Stårheim i Eid kommune i Nordfjord. Starheim har sidan 1963 vore journalist i Fjordenes Tidende, VG og NRK Møre og Romsdal. I 1975 vart han styrar av NRK sitt nye kontor for Sogn og Fjordane i Førde. Kontoret starta eigne fylkessendingar i 1977. I 1979 vart Starheim den første distriktssjefen i NRK Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1990. På 1990-talet arbeidde han i hovudsak med historiske program. Har frå 2001 vore forfattar av NRK Sogn og Fjordane sitt nettbaserte Fylkesleksikon. Fylkesleksikonet vart i 2009 utgjeve som bokverk på 3250 sider, fordelt på 4 bind (NRK Aktivum). Han har vore fotograf for ein stor del av dei 12000 bileta i bokverket. Starheim har fått Presseprisen for Sogn og Fjordane 2 gonger. Ottar Starheim har m.a. vore leiar i ungdomslag og idrettslag både på Stårheim, i Måløy og Førde. Han var styreleiar i Sunnfjord Skisenter AS under utbygging av alpinanlegget på 1980-talet, styreleiar i Førde Næringsutvikling AS, styreleiar i Stårheim Kraft AS. Starheim var busett i Førde.

Bibliografi

Bøker

  • 1999 – 50 år med Ramstad : -med begge beina på jorda, står du still- (Førde: Ramstad eskefabrikk) . ISBN 82-995316-0-8 I fulltekst ved nb.no
  • 2003 – Måløy : brua og byen (Måløy: Måløybrua AS) . ISBN 82-303-0106-9  [Av: Ottar Starheim, Terje Sølvberg ; fotograf: Arild Nybø]
  • 2003 – Tunge tak : historia om godstransporten i Sogn og Fjordane (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-33-1
  • 2004 – Tida flyg : historiske flyfoto frå Sogn og Fjordane : basert på Johan Ottesens fotoarkiv (Førde: Selja) . ISBN 82-91722-42-0
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 1. Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-26-3  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 2. Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-27-0  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 3. Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-28-7  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 4. Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal, Sogn og Fjordane (Førde: NRK) . ISBN 978-82-81783-29-4  [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
  • 2012 – Bygdesoga for Stårheim (Stårheim: Stårheim bygdelag)  [Nettutgåve]

I tidsskrift - eit utval

Kjelder

Referansar

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.