Ole Tronrud

The basics

Quick Facts

PlacesNorway
Gender
Male
Birth22 August 1856
Death4 March 1936 (aged 79 years)
Star signLeo
The details

Biography

Ole Olsson Tronrud (22. august 1856–4. mars 1936) var ein landhandlar, gardbrukar og politikar frå Bagn i Sør-Aurdal. Han var ordførar i Sør-Aurdal frå 1910 til 1919, og stortingsmann 1919-21 frå einmannskrinsen Valdres, vald for partiet Venstre.

Gardbrukarsonen frå Bagn gjekk underoffisersskulen før han i 1886 opna landhandel på garden Søndre Voll i heimbygda. Jamsides landhandelen dreiv han småbruket Grønvoll der. Bortsett frå ein valperiode, sat Tronrud i heradsstyret samanhengande frå 1892 til 1922. Han var ordførar i tre valbolkar, frå 1910 til 1919. Dessutan var han forlikskommissær i lang tid.

Hausten 1918 vann Tronrud stortingsvalet i Valdres-krinsen. Dei tre åra på Stortinget hadde han sete i Konstitusjonskomiteen.

Mangeårig stortingsmann Elling Wold var syskenbarnet hans.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 18 Apr 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.