Ole Olsen Nauen

Norsk verkseigar og politikar
The basics

Quick Facts

IntroNorsk verkseigar og politikar
PlacesNorway
wasPolitician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth21 July 1866
Death10 December 1931 (aged 65 years)
The details

Biography

Ole Olsen Nauen (21. juli 1866–10. desember 1931) var ein norsk gardbrukar, verkseigar og politikar frå Sem i Vestfold. Han representerte Høgre på Stortinget i tre valbolkar i tida 1910-24.

Far til Nauen var gardbrukar og klokkestøypar. Ole Olsen Nauen sjølv fekk stipend for å studere klokkestøyping i Tyskland. Han tok over leiinga av klokkestøyperiet på Nauen i 1893 og styrte verksemda til 1925. Støyperiet voks mykje gjennom desse åra, og vart i praksis den einerådande leverandøren av kyrkjeklokker i Noreg. Han var også gardbrukar på farsgarden.

Nauen var med i heradsstyret i Sem i 24 år, ordførar i tre av åra og varaordførar i ni år. Elles var han åstadskommissær og styreleiar i den lokale sparebanken.

Valbolken 1910-12 var han varamann til Stortinget frå Jarlsberg krins, møtte 26. juni–8. august 1911 og 6. mai–4. juli 1912, begge gongane i staden for Christoffer Hannevig og som medlem i sosialkomiteen. På ny stortingsvaramann 1919-21 frå Jarlsberg, møtte heile sesjonane i 1920 og 1921, i staden for permitterte Sam Eyde, medlem i Finans-og tollkomiteen. Valbolken 1922-24 var han fast representant på Stortinget frå Vestfold fylke, medlem i Justiskomiteen.

Kjelder

Autoritetsdata
Autoritetsdata
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2019. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.