Olav Luksengård Mjelva

Norwegian musician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian musician
PlacesNorway
isMusician
Work fieldMusic
Gender
Male
Birth23 September 1983
Age41 years
The details

Biography

Olav Luksengård Mjelva (fødd 23. september 1983) er ein norsk felepelar frå Røros. Mora kjem frå Hallingdal.

Karriere

Han starta å spela fele på musikkskulen på Røros som sjuåring, deltok i juniorlag og reiste på kappleik. Etter vidaregåande var planen å utdanna seg til eigedomsmeklar, men han bestemte seg for å ta eit speleår fyrst. Difor starta han på Raulandsakademiet. Seinare hjelpte han til med å byggja opp eit folkemusikkarkiv på Røros saman med Leif Ingvar Ranøien. Mjelva har også spelt i folkemusikk/jazz-bandet Sver.

Etter dette hadde Mjelva fått smaken på folkemusikk og byrja på Ole Bull Akademiet på Voss, der han voks mykje musikalsk. I 2006 fekk Mjelva saman med John Ole Morken Bergstadstipendet frå Røros kommune. I 2009 gav han ut plate for fyrste gong. Ho fekk namnet Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal og kom ut på Etnisk musikklubb. For plata vann Mjelva Spellemannprisen 2009 i klassa folkemusikk/ gamaldans.

Kjelder

Referanse

The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.