Olav Dørum

Norwegian diplomat
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian diplomat
PlacesNorway
wasDiplomat
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth7 December 1922
Death19 September 1987 (aged 64 years)
Star signSagittarius
Family
Children:Anne Dørum
The details

Biography

Olav Dørum (7. desember 1922–19. september 1987) var ein norsk bistandsarbeidar, diplomat og ambassadør.

Dørum voks opp på Bekkelaget utanfor Oslo og var med i Milorg under andre verdskrigen. Han byrja arbeida i Utanriksdepartementet i 1947, og tenestegjorde først som kansellist i Hong Kong. Frå 1951 til 1972 arbeidde han for UD i Oslo, frå 1972 til 1974 i Lusaka som Norad-representant. Frå 1973 til 1975 var han hovudansvarleg for den direkte kontakten for norske styresmakter med frigjeringsrørsler som ANC, SWAPO, MPLA, ZAPU og ZANU. Etter ytterlegare to år i Oslo og UD vart han i 1978 ambassaderåd ved den norske ambassaden i Kairo og i 1979 chargé d'affaires i Beirut. Han var sendemann (ambassadør) til Tanzania, stasjonert ved ambassaden i Dar-es-Salaam frå 1982 til 1985 og sideakkreditert til Botswana og Angola. Frå tidleg i 1987 var han ambassadør stasjonert ved den norske ambassaden i Harare i Zimbabwe, sideakkreditert til Zambia.

Dørum vart påkøyrt og døydde i Genève same haust. Påstanden om at det var ein likvidasjon, vart avkrefta av norsk politi året etter. I 1996 bad familien om gjenopptaking av etterforskninga. Innstillinga frå Politiets tryggingsteneste til Lasse Qvigstad året etter avfeide teorien om attentat. I 2000 kom det ut ein NRK-dokumentar om Dørum.

Kjelder

  1. Fødselsdato henta frå gravferdsetaten i Oslo.
  2. Norsk ambassadør ble likvidert? i NTB tekst den 16. juli 1988.
  3. W. G. Solberg, Olav Dørum, nekrolog i Aftenposten den 23. september 1987.
  4. Olav Heltne, Norsk ambassadør i ulykke den 22. september 1987, nemner at Dørum blei kjørt ned av ein full student frå Namibia.
  5. Tor Strand, Drept av Botha? i VG 16. juli 1988, nemner at politiet etterforska ulukka med sjåføren Hans Guibeb som drapssak.
  6. Geir Selvik, Ba presidenten om beskyttelse. Gjerningsmannen drept i 1989 i Dagbladet den 2. oktober 1996.
  7. Ifølgje —min bror ikke agent Arkivert 29. oktober 2013 på Wayback Machine. i VG den 10. april 1996, var broren Andreas Guibeb ein student som bodde i Genève da ulykken skjedde. Andreas Guibeb blei senere namibisk ambassadør til Zambia.
  8. Tror ikke på attentat mot Dørum i NTB tekst den 26. august 1997.
  9. Hvorfor døde Olav Dørum? frå NRK den 29. november 2000.
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 04 Sep 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.