Noralv Pedersen

Norsk journalist og forfattar
The basics

Quick Facts

IntroNorsk journalist og forfattar
PlacesNorway
isWriter Journalist
Work fieldJournalism Literature
Gender
Male
Birth1975
Age50 years
The details

Biography

Noralv Pedersen (fødd 1975) er ein norsk forfattar og journalist, busett i Vik i Sogn. Pedersen er journalist i NRK Vestland og arbeider med programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har òg arbeidd i NRK Kulturnytt. Pedersen er språkkontakt i redaksjonen, har vore mangeårig medlem i NRK sitt språkstyre og har halde ei rekkje kurs i godt og rett språk.

Noralv Pedersen er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU. Tidlegare arbeidde han som journalist og spaltist i fleire aviser, m.a. Dag og Tid og Klassekampen.

Han har gitt ut fleire bøker. Den første, antologien Fri, kom ut i 1998. I 2009 gav han ut Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk, og i 2013 kom Når far treng meg. Ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg.

Bibliografi

Bøker

  • 1998 – Fri (Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1318-7 I fulltekst ved nb.no  [Red. saman med Tore Hugubakken]
  • 2000 – Bølgedager : reportasjer om studenter (Trondheim: Tapir) . ISBN 82-519-1573-2 I fulltekst ved nb.no  [Red. saman med Eiliv Gunleiksrud]
  • 2007 – Austen og Vesten på kollisjonskurs : politikarar i Aust-Timor sine oppfatningar av demokrati (Trondheim: Eige forlag)
  • 2009 – Den gode viljen : ein dokumentar om norsk fredspolitikk (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-430-0481-8
  • 2013 – Når far treng meg : ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg (Oslo: Spartacus) . ISBN 978-82-43007604

Kjelder

  1. «Endå eit fredsprosjekt i grus?», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 12. mars 2020 
  2. «Når far treng meg - ISBN 9788243007604 - Spartacus Forlag», spartacus.no, henta 12. mars 2020 

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 20 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.