Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Places | Norway | |
Gender |
| |
Birth | 6 February 1806 | |
Death | 4 November 1889 (aged 83 years) | |
Star sign | Aquarius |
Biography
Mons Andersson Askevold (6. februar 1806–4. november 1889) var ein norsk lærar og kyrkjesongar frå Hyllestad i Sogn som var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt i 1854. Han var far til Anders Askevold.
Askevold var son til ein gardbrukar på Sørbø i Hyllestad. Sjølv tok han det som vart kalla «prosteeksamen» og vart så sett til å vere omgangsskulelærar i Hyllestad. Sidan fekk han stillinga som kyrkjesongar i Askvoll og attåt lærar. I tillegg var han saman med presten om å utdanna unge karar til lærarar i den lokale skulen.
Askevold var forlikskommissær 1839-41 og 1843-74. I 1854 representerte han Nordre Bergenhus på Stortinget, der han var medlem i Kyrkjekomiteen. Frå 1858 til -62 var han ordførar i Askvoll og var elles kommunen sin rekneskapsførar i fleire år.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Autoritetsdata | |
---|---|
Autoritetsdata |