Mona Fossdal

Norwegian teacher and writer
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian teacher and writer
PlacesNorway
isTeacher Writer
Work fieldAcademia Literature
Gender
Female
Birth1970
Age55 years
The details

Biography

Mona Fossdal (fødd 1970) er ein norsk grafisk designar og illustratør, forfattar og avdelingsleiar.

Fossdal er frå Vaksdal i Hordaland, men har sidan 1995 budd i Sogn og Fjordane (i Jølster, Førde og Eikefjord). Fossdal har hovudfag (master) i grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen, pedagogisk utdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og høgare utdanning innan IKT, mediefag, kunsthistorie, organisasjon og leiing.

Frå 1995 til 2014 arbeidde Fossdal som lektor ved Mo og Jølster vgs. Frå 2014 fram til i dag har ho vore tilsett som avdelingsleiar i mediefag og formgjevingsfag ved Hafstad vgs i Førde. Ho har dei siste åra skrive, illustrert og designa ei rekkje biletbøker for barn.

Bibliografi

  • 2012 – Bokstavene fra A til Å (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-8251-213-8
  • 2012 – Gekkoen Arne og den prikkete paraplyen (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-825-1168-1
  • 2013 – Klokkeboken : lær klokken med rim! (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-825-1241-1
  • 2013 – Robotar er ikkje som deg og meg (Sandnes: Publica) . ISBN 978-82-825-1264-0
  • 2014 – Gøy å lære klokka (Oslo: Juritzen jr.) . ISBN 978-82-93304-28-9  [1. utg.: Sandnes : Publica, 2013 med tittel: Klokkeboken]
  • 2014 – Den gule døren (Oslo: Juritzen jr.) . ISBN 978-82-93304-27-2
  • 2014 – Ingen spøk å telle til 13 (Oslo: Juritzen jr.) . ISBN 978-82-93304-11-1
  • 2014 – Jimi rocker skogen (Sandvika: Barnebokforl.) . ISBN 978-82-92776-41-4
  • 2016 – Fargeglade vampyrer (Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.) . ISBN 978-82-419-1320-4
  • 2017 – Bak den grønne døren (Bergen: Vigmostad & Bjørke AS.) . ISBN 978-82-419-1431-7

Kjelder

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 20 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.