MiRee Abrahamsen

Norwegian artist
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian artist
PlacesNorway
isArtist
Work fieldArts
Gender
Female
Birth7 August 1973
Age51 years
Star signLeo
The details

Biography

Britt MiRee Abrahamsen (fødd 7. august 1973) er ein norsk forfattar, biletkunstnar, journalist og lærar frå Tromøya i Arendal.

Abrahamsen har studert kunst og språk i ulike delar av verda, mellom faga er russisk samtidslitteratur og klassisk arabisk. Ho har reist mykje i mellom anna Europa, Midtausten, Nord-Afrika og det tidlegare Sovjetunionen, og har som kunstnar hatt utstilling i fleire av desse landa, som Syria, Libanon og Dei sameinte arabiske emirata. Ho har òg stilla ut heime på Sørlandet, i Risør, Arendal og Kristiansand.

MiRee Abrahamsen debuterte som forfattar i 1999 med lyrikk. Den andre boka, I skyggen av Qassioun, er ein roman om ein arabisk familie i Damaskus, medan dei to neste romanane er lagt til Sørlandet. Forfattaren er blitt nominert til Sørlandets litteraturpris tre gonger.

Verkliste

  • Ankeret i apegården, dikt, 1999
  • I skyggen av Qassioun, prosa, 2001
  • Bols, roman, 2002
  • Daviti, roman, 2004
  • Det ville Østen 2012

Referansar

  1. «MiRee Abrahamsen». forfatterkatalogen.no. Henta 6. april 2012. 

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.