Biography
Gallery (1)
Bibliography (3)
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Biography
Mikael Strøm Henriksen Lie (22. august 1873–16. oktober 1926) var ein norsk jurist, professor i rettsvitskap frå 1919.
Mikael Henriksen vart cand.jur. i 1894. Fem år seinare fekk han Kronprinsens gullmedalje for den rettshistoriske avhandlinga «Om de kongelige lensmænds rettlige stilling i Norge i tidsrummet 1536-1660».
Lie arbeidde frå 1897 i Justisdepartementet, fyrst som sekretær. Det neste tiåret studerte han fleire gongar utanlands på det offentlege sin kostnad. I 1907 fekk han stilling som rådgjevar i folkerett ved Nobel-instituttet, året etter vart han universitetsstipendiat. Frå 1919 til han døydde i 1926 var han professor i rettsvitskap ved universitetet i Kristiania. I denne perioden var han ein av Noregs sakkunnige utsendingar til møta i Folkeforbundsrådet. Gjennom åra bidrag han med artiklar til aviser og tidsskrift, og han gav ut fleire bøker om ulike emne innafor rettsvitskapen.
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957.