Magnus Gothilf Oppen

Norwegian politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician
PlacesNorway
wasShipowner Politician
Work fieldBusiness Politics
Gender
Male
Birth4 September 1835, Elverum, Hedmark, Norway
Death1 March 1913Tjølling, Vestfold, Norway (aged 77 years)
Star signVirgo
Family
Children:Magnus Hesselberg Oppen
Awards
Knight of the Order of St. Olav‎ 
Royal Order of Vasa 
Knight of the Order of the Dannebrog 
The details

Biography

Magnus Gothilf Oppen (4. september 1835–1. mars 1913) var ein norsk trelasthandlar, skipsbyggjar, samt stortingsmann for Høgre, fødd i Elverum. Han var far til Magnus H. Oppen.

Oppen var son til ein offiser. Han var først sjømann, sidan gjekk han skule i England og Frankrike, der han lærde språk og studerte skipsbyggjing. Sidan arbeidde han fem år på eit skipsreiar- og trelastkontor i Noreg. Frå 1860 dreiv han med eksport av trelast frå eige sagbruk i Tjølling. I 1865 byrja han i tillegg med skipsbyggjing i same heradet. Største skipet han bygde, eit seglskip i tre kalla «Excelsior» var på 1 400 tonn.

Han var medlem av heradsstyret i Tjølling frå 1872 til -90, i fjorten av åra var han ordførar. Elles formann i Norsk Skibsrederforening i mange år.

Oppen representerte Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1889-91 og 1900-06. På alle tre tingsamlingane var han medlem av tollkomiteen. Elles var han medlem av særkomiteen om sjødugleiken til skip 1901-02 og av valkomiteen 1903-06.

Han døydde på garden sin, Gloppe i Tjølling, i 1913.

Kjelde

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.