Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian journalist | ||
Places | Norway | ||
was | Journalist | ||
Work field | Journalism | ||
Gender |
| ||
Birth | 2 April 1908 | ||
Death | 4 November 2003 (aged 95 years) | ||
Star sign | Aries | ||
Awards |
|
Biography
Ludvig Jerdal (2. april 1908–4. november 2003) var ein norsk journalist, redaktør og målmann. Jerdal var fødd i Kvinesdal, men levde mesteparten av livet i Bergen.
Jerdal var i 33 år journalist i Dagen. Før andre verdskrigen var han journalist i Gula Tidend, og han var eitt år redaktør i Norsk Tidend.
Jerdal var mest kjend for å vere ein strid talsmann for konservativ nynorsk.
Jerdal hadde ei rad organisasjonsverv, bl.a. som leiar i 9 år for Bondeungdomslaget i Bergen, 9 år i Landslaget for spelemenn (1952–1961), 15 år i Vestlandske Mållag, 26 år i Norsk Bladmannalag og 40 år i Vestmannalaget. Jerdal var heiderslagsmedlem i Landslaget for spelemenn og frå Island fekk han Falkeordenen, «Hin Íslenska Fálkaorða». Dessutan vart han tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1981.
Jerdal var med i motstandsarbeid under andre verdskrigen, og sat tre og eit halvt år i tysk tukthus, etter at Kristian Stein-organisasjonen vart avslørt i oktober 1941.