Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Places | Norway | |
was | Bell-ringer Teacher Politician | |
Work field | Academia Politics | |
Gender |
| |
Birth | 3 May 1842, Kvalsund, Finnmark, Norway | |
Death | 19 March 1909Hammerfest, Finnmark, Norway (aged 66 years) | |
Star sign | Taurus |
Biography
Lorentz Jakob Pareli Holmgren (3. mai 1842–19. mars 1909) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Kvalsund i Finnmark. Han representerte Høgre på Stortinget.
Holmgren var son til ein fiskar og gardbrukar. Sjølv gjekk han Tromsø Seminarium, eksamen 1861. Åra 1861-64 var han lærar i bygdene kring Hammerfest. Perioden 1864 til 1875 var han lærar i Kistrand, medan han 1875-87 var lærar i Bossekop. Frå 1887 var han styrar for folkeskulen i Hammerfest og kyrkjesongar i byen. Då lagmannsrettane kom i gang, fungerte han som rettstolk i samisk og finsk språk.
Holmgren var ordførar i Kistrand 1869-73 og i Alta 1878-82. Han var 1870-72 medlem av forlikskommisjonen i Kistrand og 1885-87 i Alta. I Alta var han sparebankdirektør og frå 1889 medlem av bystyret i Hammerfest.
Holmgren var 1. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1886-88, medlem av vegkomiteen. Perioden 1892-94 var han varamann for krinsen Hammerfest, Vardø og Vadsø.
Han døydde i Hammerfest i 1909.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Lorentz Holmgren NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv