Lise Amundsen

Norwegian sculptor and designer
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian sculptor and designer
PlacesNorway
isArtist Sculptor Designer
Work fieldArts Creativity
Gender
Female
Birth17 February 1933
Age91 years
Star signAquarius
ResidenceHalden, Halden, Østfold, Norway
Education
Norwegian National Academy of Craft and Art Industry(1950—1955)
The details

Biography

Lise Amundsen (fødd 17. februar 1933) er ein norsk bilethoggar og designar. Ho er busett i Halden.

Utdanning

Amundsen gjekk på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo frå 1950 til 1955. I 1955 og 1959 var ho hospitant hjå bilethoggaren Nils Flakstad og i 1957 studerte ho under Anthony Caro på St. Martins School of Art i London. I åra 1964 til 1964 gjekk ho i steinhoggarlære hjå Fagernes i Halden.

Bilethoggar

Som bilethoggar arbeider i materiala tre, bronse, granitt, bergkrystall og stål og skulpturane hennar er abstrakt symbolretta. Kunstverka hennar finst som offentlege utsmykkingar mange stader i landet. Ho er ekstra godt representert i heimfylket, Østfold, og verka hennar er også å finne utanlands. Ho har hatt ei lang rekkje separatutstillingar i Noreg og vore representert på Haustutstillinga og på kollektivutstillingar også i utlandet.

Designar

Frå 1961 til 1975 arbeidde ho som designar for mellom andre Halden Bomullsspinderi og Væveri, Sellgrens Veveri og Rauma Ullvarefabrikk. Ho formgav mellom anna ryeteppe.

Amundsen var med og starta Halden Husflidslag.

Separatutstillingar

  • 2010 - Sandefjord kyrkje
  • 2008 - Konservativen i Halden
  • 2007 - Storedal Kultursenter i Sarpsborg
  • 2006 - Galleri New Form i Trelleborg i Danmark
  • 2005 - Botner Gård i Høland
  • 2003 - Storedal Kultursenter i Sarpsborg
  • 2001 - Galleri Kjeldaas i Oslo
  • 2000 - Gamle Tomb Galleri i Råde
  • 2000 - Galleri Adamstuen i Oslo
  • 1998 - Galleri Skåra i Fredrikstad
  • 1998 - Fredriksten Festning i Halden
  • 1996 - Galleri Skallum i Oslo
  • 1995 - Holle i Tyskland
  • 1993 - Oppegård kunstforening
  • 1992 - Skogbruksmuseet i Elverum
  • 1991 - Arendal kunstforening
  • 1990 - Oskarshamn kunstforening
  • 1990 - Thisted kunstforening
  • 1989 - Galleri Varden i Moss
  • 1988 - Lovisenberg sykehus
  • 1988 - Galleri Stampen i Fredrikstad
  • 1987 - Galleri Rakeng i Halden
  • 1987 - Askim kunstforening
  • 1985 - Sandefjord kunstforening
  • 1985 - Galleri BI-Z i Kristiansand
  • 1984 - Hurum kunstforening på Holmsbu
  • 1984 - Hamar kunstforening
  • 1983 - Rakkestad kunstforenning
  • 1982 - Galleri Homansbyen i Oslo
  • 1981 - Galleri Borg 80 i Grålum
  • 1979 - Sarpsborg kunstforening
  • 1978 - Halden kunstforening

Referansar

  1. «Nettstaden til Lise Amundsen». Henta 8. desember 2011. 
  2. Herman Berthelsen, red. (1987). «Amundsen, Lise». Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo: Dreyer. s. 11-12. ISBN 820910426-8. 

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.