Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Biography
Lauritz Haaland (12. november 1855–27. juni 1938) var ein norsk målar. Han var fødd på Kvitsøy i Rogaland. Han var utdanna som skipsbyggar i Bergen, men vart etter kvart meir oppteken av biletskapande arbeid. Han fekk undervisning på Knud Bergslien sin målarskule og Den Kongelige Malerskole i Oslo. Han drog på ulike studiereiser i Europa.
Haaland var representert ved mange utstillingar, mellom anna haustutstillinga i 1884–1891, Chicagoutstillinga i 1887 og Fiskeriutstillinga i London 1893. Der fekk han sølvmedalje. Haaland er i dag representert i fleire biletgalleri og sjøfartsmuseum i Noreg. Han selde bilete til Tyskland, England, Frankrike og Amerika.
Haaland var ein meister i å skildre sjø og hav under alle vêrtypar. Skutene han måla er svært korrekt og nitid attgjeve. Måleria har funne vegen til mange sjøfartsmuseum som døme på ulike skipstypar. Haaland har som marinemålar hatt svært mykje å seie reint kulturhistorisk. Han har gjennom måleria sine skildra dei forskjellige fiskeria, fartøytypar, hustypar, natur og livet mellom kystfolk rundt hundreårsskiftet på ein framifrå måte.
Bakgrunnsstoff
- Martin Gjersvik (1991). «Lauritz Haaland». Spor dei sette. 2 : "Form og farge" : Kunst på Karmøy gjennom 200 år. Åkrehamn: Eige forlag. s. 19-22.
- Gabriel Schanche Hidle (1965). «Malere i Nord-Rogaland ; To marinemalere». Profiler og paletter i Rogalands kunst. Stavanger: Stavanger kunstforening. s. 173-175.
- Paul Grøtvedt (1999). «Gjøa i Nordvestpassasjen i 1906». For fulle seil : marinemaleriet i norsk billedkunst. Oslo: Stenersens forlag. s. 88-89. ISBN 8272012588.
- Sonja Hagemann (1983). «HAALAND, Lars Lauritz Larsen». Norsk kunstnerleksikon : bildende kunstnere, arkitekter, kunsthåndverkere. 2 : H-M. Oslo: Universitetsforlaget. s. 315. ISBN 8200065359. [Same opprøfinga i nkl.no (Store Norske Leksikon)]
- Nokre av fotografia og måleri til Lauritz Haaland
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lauritz Haaland» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2009.