Lars Tallaksson Foss

The basics

Quick Facts

Gender
Male
Birth1811
Death10 April 1897 (aged 86 years)
The details

Biography

Lars Tallaksson Foss (1811–10. april 1897) var ein lærar, gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Lyngdal i Vest-Agder.

Far hans var gardbrukar i Lyngdal. Sjølv vart han utdanna til lærar hos soknepresten i Lyngdal. Frå 1827 til -35 var han skulehaldar. Han tok så over farsgarden og dreiv denne, seinare tok han over garden Rom frå svigerfaren og budde på denne. Foss var kasserar i den lokale sparebanken 1864-91. Han var medlem av heradsstyret 1840-84, ordførar i mange år. Elles forlikskommissær i tolv år.

Foss representerte Lister og Mandals amt på Stortinget i 1868-69 og 1871-73. Begge tingbolkane var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på garden Rom i Lyngdal i 1897.

Kjelde

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.