Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian politician | |
Places | Norway | |
was | Politician | |
Work field | Politics | |
Gender |
| |
Birth | 25 September 1861 | |
Death | 24 September 1922 (aged 61 years) | |
Star sign | Libra |
Biography
Lars Rasmussen (25. september 1861–24. september 1922) var ein handelsmann, fabrikkeigar og næringsdrivande i sagbruk og trelast. Rasmussen, som var frå Sand i Ryfylke, var også stortingsmann for Venstre.
Rasmussen var son til ein næringsdrivar med mange ulike syssel. Sjølv tok han fyrst middelskuleeksamen frå Kongsgårds skule i Stavanger i 1879. Same året vende han tilbake til Sand og byrja i faren si verksemd. Han fekk omgåande styreplass i den lokale sparebanken, seinare var han sjef for banken (styreformann). Med åra var han både handelsmann, trelasthandlar, samt eigar og drivar av både sagbruk og ein tønnefabrikk.
Rasmussen kom med i heradsstyret i Sand i 1890 og var ordførar frå 1894 til 1901. Han var medlem av amtsutvalet i fleire år, og ein sentral medlem i nemnda som arbeidde for å få bygt jarnbane til Vestlandet.
Rasmussen var Ryfylke krins sin representant på Stortinget 1906-09 og 1913-15. Begge periodane var han medlem av Lagtinget og vegkomiteen.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914