Lars Jensen

Norwegian politician and member of parliament
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician and member of parliament
PlacesNorway
wasFarmer Politician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth10 July 1784
Death8 July 1852 (aged 68 years)
Star signCancer
The details

Biography

Lars Jensen (10. juli 1784–8. juli 1852) var ein norsk gardbrukar, kyrkjesongar og stortingsmann frå Biri i Oppland.

Lars Jensen var son til husmannsfolk på garden Melum i Biri. Sjølv gjekk han det nyopretta Asker seminar, der han vart den fyrste dimitterte. I 1818, allereie før han var dimittert frå seminaret, fekk han stillinga som kyrkjesongar og lærar i Ringsaker, kyrkjesongar var han heilt til han døydde. Jensen gifta seg til garden Tande i Ringsaker og dreiv denne nokre år, til dess han kjøpte garden Lilleringsaker og flytta dit.

Jensen representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1833 til 1845. På alle dei ordinære tingsamlingane var han medlem av kyrkjekomiteen, i 1845 av kyrkjekomite nr 1. Han var elles medlem av valkomiteen frå 1836 til 1845, og av kriminallovkomiteen i 1836 og på omframtstortinget 1836-37. Vidare var han i 1842 med i komiteen om embetsgardar og i 1845 av Lagtinget og fullmaktskomiteen.

Jensen døydde på garden sin i Ringsaker sommaren 1852.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 18 Feb 2024. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.