Lars Bærøe

Norsk bonde og politikar
The basics

Quick Facts

IntroNorsk bonde og politikar
PlacesNorway
wasFarmer Politician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth5 October 1795, Hobøl
Death14 June 1880 (aged 84 years)
The details

Biography

Lars Randby Bærøe (5. oktober 1795–14. juni 1880) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Hobøl i Østfold. Han var farfar til Ole Bærøe.

Bærøe kom til verda på garden Bærø i Hobøl, ein storgard han vart eigar av i 1829. Frå 1838 til 1851 var han den fyrste ordføraren i Hobøl, forlikskommissær 1839-70 i bygda.

Bærøe var 3. representant på Stortinget frå Smaalenenes amt i 1836 og på det overordentlege storting 1836/37, medlem av militærkomiteen. Etter å ha vore varamann ved dei to neste stortingssamlingane, kom han tilbake på Stortinget i 1845 som fyrste representant frå amtet i 1845. Både då og i 1851 var han medlem av næringskomite nr 2, i 1851 også av Lagtinget.

Kjelder

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
The contents of this page are sourced from Wikipedia article. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.