Kittil Langebakke

The basics

Quick Facts

isMusician
Work fieldMusic
Gender
Male
Birth21 March 1825
Star signAries
The details

Biography

Kittil Haraldsson Langebakke (21. mars 1825–26. juli 1858) var ein norsk spelemann frå Krødsherad i Buskerud. Han var fødd på husmannsplassen Haraldhus i Krødsherad, og kalla seg stundom etter denne staden.

Kittil livnæra seg som skomakar, som andre spelemenn i samtida, og levde elles som husmann, og gjekk gardimellom for å lappe skor. Han lærde mykje spel av Knut Fosslia.

Kittil vart tidleg gift, år 1844, og fekk åtte born med kjerringa si, men levde ikkje lenge. Han var ein etterspurd spelemann, og var tinga inn til Raumyra på Norefjell i juli 1858. Det vart snøstorm, og Kittil var ein av tre som miste livet. Han kom bort medan han leita etter ly, og bygdefolket fann han seks veker etter under Rantehønna. Det vart seinare knytt ein slått til denne hendinga.

Slåtten «Kittil Langebakke», ein variant av springaren «Tannlausen», er skriven ned etter Andres Vinna, som hadde han beint frå Langebakken. Springaren «Haraldhusen», overlevert i Eggedal, er òg knytt til Kittil.

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 24 Mar 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.