Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian politician | |
Places | Norway | |
was | Politician | |
Work field | Politics | |
Gender |
| |
Birth | 19 January 1804 | |
Death | 11 January 1869 (aged 65 years) |
Biography
Carl Friedrich Bøbert (19. januar 1804–11. januar 1869) var ein tysk-norsk bergverksingeniør og politikar. Søren Georg Abel var svigerfaren hans, Jacob Otto Lange svigersonen.
Bøbert var fødd i Hettstedt i Tyskland, der far hans var bergmeister. Han gjekk latinskulen i Bernburg og gjekk så tre år i praksiskurs ved ulike bergeverk i Tyskland. Vidare studerte han etter tur ved bergskulen i Clausthal, universitetet i Halle og bergakademiet i Freiburg. For å gjere seg kjend med høgare administrasjon var han ei tid tilsett som auditør ved det kongelege gruvekontoret i Freiburg.
I 1827 innvandra Bøbert til Noreg då han av Benjamin Wegner vart rekruttert til bergmeister ved Blaafarveværket i Modum. Saman med Wegner og hytteinspektør Friedrich Roscher var han ein av dei sentrale personane i leiinga av Blaafarveværket under verket si stordomstid som Noregs største industribedrift og verdas leiande koboltprodusent i fyrste halvdelen av 1800-talet. I 1839 vart han fyrstedirektør ved Kongsberg sølvverk, ei stilling han hadde til han døydde.
Bøbert var ordførar i Kongsberg i 1852 og stortingsrepresentant for byen i 1865-66. På Stortinget var han medlem av næringskomite nr 1.
Han døydde på Kongsberg i 1869.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914