Jørgen Olafsen

Norwegian politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician
PlacesNorway
wasPolitician Teacher
Work fieldAcademia Politics
Gender
Male
Birth15 November 1817, Dovre, Oppland, Norway
Death14 May 1893Veøy, Møre og Romsdal, Norway (aged 75 years)
Star signScorpio
Family
Children:Olaf Olafsen Arnet Olafsen
The details

Biography

Jørgen Olafsen (15. november 1817–14. mai 1893) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, forfattar og mangeårig stortingsmann, opphavleg frå Langlykkja ved Dombås i Dovre, budde størstedelen av livet i Romsdal.

Olafsen var fødd og oppvaksen på ein gard i Dovre. Han fekk nokre månaders undervisning hos kyrkjesongaren i Lesja, var så lærar i Lesja i 1839. År 1840 vart han seminarist frå Asker. Frå 1844 var han lærar og kyrkjesongar i Bud. I den lange perioden 1849-91 hadde han same stillingane i Veøy, budde då på klokkargarden Bergsvik. Han kom med i heradstyret i 1856, var ordførar i Veøy 1858-90. Forlikskommissær 1856-90.

I 1847 stifta Olafsen Romsdals fogderis lærerforening, den fyrste i sitt slag på landsbygda i Noreg. Han var formann i foreininga til han døydde. Elles var han tidleg ute med å starte opp songkor. Olafsen var og ein flittig skribent, med tallause artiklar og innlegg i mange aviser. Han gav også ut bøker, oftast om lokale og historiske tilhøve.

Olafsen representerte Romsdals amt på Stortinget periodane 1859-69 og 1874-88. Han tok ikkje del i Stortinget 1862-63, då han vart sjuk, men møtte i 1864. Valet for perioden 1874-76 var mykje omstridd, men vart godkjent med 55 røyster mot 53. Han var medlem av kyrkjekomiteen 1859-60 og 1865-66, sekretær i konstitusjonskomiteen frå 1868. I sin siste periode på Stortinget var han medlem av Lagtinget. Då partigruppene vart danna i 1883, slutta han seg til Venstre.

Han døydde på klokkargarden i Veøy i 1893.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 22 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.