Jon Rosenlid

The basics

Quick Facts

wasMusician
Work fieldMusic
Gender
Male
Birth3 December 1891
Death1974 (aged 82 years)
Star signSagittarius
The details

Biography

Jon Rosenlid (3. desember 1891–1974) var ein meisterspelemann og slåttekomponist frå Fjelli i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Han budde mesteparten av tida i Bergen, og er kjend for drivande dansespel og for mange gode slåttekomposisjonar.

Bakgrunn

Jon Rosenlid vaks opp i grenda Fjelli i Stryn iNordfjord. Foreldra var Lars Matiasson Rosenlid frå Fjelli (1857-1907) og Olina Rosenlid frå Hornindal (f. Bakke, 1857-1932). Jon Rosenlid var gift med Olava Rosenlid (f. 1894 i Rygg i Hornindal).

Spelemann

Medan han gjekk i småskulen byrja Jon Rosenlid å spele vanleg fele. I 1907, då Rosenlid var 16 år, fekk han høyre hardingfelespelet til Sjur Helgeland frå Voss. Det gjorde slikt inntrykk at han kjøpte seg ei hardingfele av felemakar Bertil Rasmussen i Bergen. Jon Rosenlid var ein av dei fyrste i Nordfjord til å ta hardingfela i bruk. Viktige læremeistrar var Magne Maurset, Jens K. Maurset, og Gabriel Reed på Breim i Gloppen.

Rosenlid flytta til Bergen i 1911, og budde der mesteparten av livet. I Bergen arbeidde han som skreddar. Han var med på å skipe Fjellbekken spelemannslag, og leia laget i mange år. Dessutan var han fast spelemann for leikarringen i Bergen Ungdomslag Ervingen i over 50 år.

I 1924 turnerte Rosenlid som slåttespelar i USA, og året etter vann han Landskappleiken.

Musikalsk ettermæle

Den som har vidareført mest av Jon Rosenlid sitt spel er Finn Vabø i Bergen.

Prisar og utmerkingar

I 1965 vart Jon Rosenlid heidra med Kongens Fortenestemedalje i gull for sin innsats som spelemann. Han var og æresmedlem i Landslaget for spelemenn og i Bergen Ungdomslag Ervingen.

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 13 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.