Jacob Andreas Lindeman

Norwegian priest and musician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian priest and musician
PlacesNorway
wasPriest Musician
Work fieldReligion Music
Gender
Male
Religion:Lutheranism
Instruments:Organ
Birth26 September 1805
Death13 December 1846 (aged 41 years)
Star signLibra
Family
Father:Ole Andreas Lindeman
Siblings:Fredrik Christian Lindeman Ludvig Mathias Lindeman
The details

Biography

Jacob Andreas Lindeman (26. september 1805–13. desember 1846) var ein norsk geistleg som var fødd i Trondheim der faren, Ole Andreas Lindeman, var organist. Mor hans heitte Anne Severne Hichmann. Han gifta seg i 1832 med Marie Cathrine Aastrup (død i Christiania 1880).

Han tok studenteksamen ved Trondhjem skole 1827 og teologisk eksamen 1832. Frå 1826 til 1840 var han organist ved Vår Frelseres Kirke i Christiania. I 1839 vart han residerande kapellan i Leikanger, i 1844 vart han sokneprest i Davik der han arbeidde til han døydde brått, 41 år gammal.

I 1841 gav han ut Coral-Melodier for Psalmodicon til de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk christelige Psalmebog forekommende Psalmer, udsatte i Siffre efter den ved kongelig Resolusjon af 15de Juni 1835 authoriserede Choralbog, tilligemed en Veiledning til Brugen av Psalmodicon. J.W. Cappelens Forlag. Boka bygde på koralboka faren hadde utarbeidd i 1835, og kom i fleire utgåver i tiåra som følgde.

I Leikanger starta han ein jenteskule som han heldt fram i Davika, «til stort Gavn for Embedsmænds Døtre i Stiftet».

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.