Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norsk forfattar og lærar | ||
Places | Norway | ||
Gender |
| ||
Birth | 1 June 1886 | ||
Death | 4 September 1953 (aged 67 years) | ||
Star sign | Gemini | ||
Family |
|
Biography
Ivar Kristoffer Strompdal (1. juni 1886–4. september 1953) var ein norsk lærar og forfattar frå Velfjord i Nordland. Knut Strompdal var bror hans.
Strompdal voks opp på ein veglaus, einbølt gard. Han utdanna seg til lærar i Tromsø, tok eksamen i 1908 og var skolelærar i Velfjord fram til 1922. Åra 1922-27 arbeidde han i Orkdal i Sør-Trøndelag. Sidan var han folkeskolelærar i Vefsn fram til han døydde i 1953, busett i Mosjøen.
Strompdal gav i 1933 ut ungdomsboka Arven, ei forteljing på 80 sider der hovudfigurane er to halvvaksne gutungar som veks opp i eit miljø som minner mykje om forfattarens eigen bakgrunn. Boka kom ut i nytt opplag på Norsk Barneblads Forlag i 1945, med framsideillustrasjon av Jens R. Nilssen. Strompdal skreiv fleire ungdomsbøker; Karisonen (1935), Stein og Ståle (1943), Tyssedalsborna (1945) og Skatten i Lomsdal (1948).
Forfattarskap
- 1933: Arven. Norsk Barneblads forlag. Oslo. 83 sider. (nytt opplag 1945)
- 1935: Karisonen
- 1943: Stein og Ståle
- 1945: Tyssedalsborna
- 1948: Skatten i Lomsdal
Kjelder
- Norsk Alkunnebok X. 1965