Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian writer | |
Places | Norway | |
was | Writer | |
Work field | Literature | |
Gender |
| |
Birth | 25 February 1922 | |
Death | 17 March 2006 (aged 84 years) | |
Star sign | Pisces |
Biography
Ivar Grimstad (25. februar 1922–17. mars 2006) var ein journalist, lærar, forfattar og kåsør frå Hareid på Sunnmøre. Arne Grimstad er bror hans.
Liv og gjerning
Grimstad voks opp i eit kulturinteressert miljø på Grimstad i Hareid. Han var elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta vinteren 1938-39. Noko etter gjekk han lærarskule i Nesna, tok eksamen der i 1943. Fyrste tida etter lærarskulen var han lærar i Sjona på Helgeland. 1945-47 var han journalist i Sunnmørsposten. Åra 1947-52 var han lærar på Skarnes i Hedmark. Deretter var Grimstad åtte år redaksjonssekretær i Sunnmørsposten. I sitt virke som bladmann la han vekt på å dekke kulturlivet over heile Sunnmøre.
1960 vart han tilsett som rektor ved Møre Folkehøgskule. Denne stillinga hadde han i tjue år. Fyrst og fremst underviste han i språk og litteratur, og i avisarbeid. Mellom anna fekk han starta ei øvingsavis som elevlaget ved skulen gav ut.
Grimstad vart ein kjend og mykje nytta kåsør. I denne kunstforma kunne han nytte seg av sin kjennskap til litteraturen generelt og den lokale replikkunsten særskilt.
Bladmannen
Grimstad var aktiv i bladarbeid, også utanom tida som reint yrkesaktiv i Sunnmørsposten. Han var redaktør av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag sitt blad Ungdomsvon allereie i 1939. På 1950-talet var han med i skriftstyret for tidsskriftet Frå Bre til Breisund. I 1967 tok han iniativet saman med Ivar Grøvik og Asbjørn Bortne då Jul på Sunnmøre kom i prent fyrste gongen. Dei 31 fyrste årgongane var han med i bladstyret. 1970 var han med å grunnleggje lokalavisa Vestposten, og var redaktør frå 1970-76 og på nytt 1980-88. Før 1976 redigerte han avisa frå Ørsta, etter 1980 flytta han tilbake til Hareid.
Forfattaren
Grimstad sine fyrste litterære arbeid kom på trykk i Ungdomsvon, Norsk Barneblad, Nynorsk Vekeblad og For bygd og by frå kring 1940. Han utrrykte seg både i dikt, noveller og i artikkelform. Fyrste boka var ei barnebok, Storvarpet. Ho vart utgjeven i 1947. Størst suksess som forfattar hadde han med dei to bøkene Velsigne kjeften din, prest (1973) og Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord (1977). I desse gjenfortel han humoristiske stubbar som syner den sunnmørske humoren og forteljetradisjonen. Den fyrste av desse kom i ny utgåve i 2000.
Organisasjonsmannen
Grimstad var formann i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag 1957-61. Åra mellom 1958 og 1966 var han bolkevis nestformann i Noregs Ungdomslag. Partipolitisk engasjerte han seg for partiet Venstre, var mellom anna med i Ørsta kommunestyre i fleire periodar. Han sat også ei tid i fylkesskulestyret for Møre og Romsdal.
Verk
- Storvarpet. 1947 (barnebok)
- Nytt skip. Sigrids saga II. 1989
- Sigrids saga. 1986
- Reven bak øyret. 1983
- Drøymaren og brørne hans. 1982
- Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord. 1977
- Mot eit anna land -. 1974
- Velsigne kjeften din, prest. 1974
- Havland. 1968
Kjelde
- Rønning, Roar: Minneord - Ivar Grimstad, i Jul på Sunnmøre 2006
Referansar
Bakgrunnsstoff
- Digitaliserte bøker av Ivar Grimstad hjå Nasjonalbiblioteket