Ingelin Røssland

Norwegian journalist
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian journalist
PlacesNorway
isJournalist Writer
Work fieldJournalism Literature
Gender
Female
Birth19 February 1976
Age48 years
Star signPisces
The details

Biography

Ingelin Røssland (fødd 19. februar 1976) er ein norsk forfattar, journalist og omsetjar. Ho voks opp på Tysnes i Sunnhordland. I 2009 flytta ho til Sverige og bur på Lidingö utanfor Stockholm. Røssland debuterte som forfattar i 1998 med ungdomsromanen Viss du vil på Det Norske Samlaget. I 2001 og 2002 kom dei to romanane Kunsten å inhalera og Flyt.

Sentrale tema i hennar forfattarskap er å finne seg sjølv og sin plass i ei kaotisk verd. Vidare forhold til foreldre, venner, rus, sex og vald mot seg sjølv og andre. Dei fleste bøkene er utgitt på Det Norske Samlaget.

Ho har arbeidd som journalist i avisene Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis og i NRK.

Ho har motteke Sunnmørsprisen 2006 og UPrisen 2007 for boka Handgranateple, Sigmund Skard-stipendet 2007, Guro Sandsdalens litteraturpris for 2007 og Falturiltuprisen i 2011. Bøkene hennar er omsett til tysk, fransk, engelsk og færøysk.

I 2012 kom Kirsebærsnø, den fyrste vaksenromanen hennar.

Bøker

  • 1998 – Viss du vil – Ungdomsbok
  • 2001 – Kunsten å inhalera – Ungdomsbok
  • 2002 – Flyt – Ungdomsbok
  • 2006 – Handgranateple – Ungdomsbok
  • 2007 – Monstertanta – Barnebok
  • 2008 – Englefjes – Ungdomsbok
  • 2009 – Englejakt – Ungdomsbok
  • 2010 – Engleslakt – Ungdomsbok
  • 2010 – Diana
  • 2011 – Minus meg – Barnebok
  • 2012 – En ekte helt – Barnebok
  • 2012 – Kirsebærsnø – Roman
  • 2013 – Full fres! – Barnebok
  • 2017 – Hevner – Ungdomsbok
  • 2018 – Stjålet venn – Barnebok

Referansar

  1. ««Ingelin Røssland (19.02.1976)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013. 
  2. ««Prisdryss over Ingelin Røssland»». Nettstaden til avisa Sunnhordland. 16. august 2007. Henta 20. august 2013. 
  3. ««Guro Sandsdalens litteraturpris 2007 til Ingelin Røssland»». Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (web.archive.org). 

Bakgrunnsstoff

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 14 May 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.