Ingebret Gulliksson Grude

The basics

Quick Facts

PlacesNorway
wasFarmer Politician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth26 July 1794
Death19 March 1851 (aged 56 years)
Star signLeo
The details

Biography

Ingebret Gulliksson Grude (26. juli 1794–19. mars 1851) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Klepp i Rogaland. Kristoffer Grude var sonesonen hans.

Far hans var gardbrukar i Klepp. Sjølv gjekk han lite i skule, «lærte at skrive av en gammel original skolelærer». Frå 1821 var han gardbrukar på Grude. Som gardbrukar var han tiltaksam, fekk premi frå landbruksselskapet i 1832. Han var medlem av heradsstyret 1837-51, ordførar 1837-45 og 1850-51. Elles var han forlikskommissær og utskiftingsmann. Mellom 1822-50 deltok han i 418 utskiftingar og skyldsettingar.

Grude var 2. representant frå Stavanger amt på Stortinget i 1836 og på omframstortinget 1836-37. I 1836 var han medlem av bankkomiteen. Fire gonger i perioden 1833-51 hamna han på frå fyrste til fjerde varamannsplass.

Han døydde på garden sin i Klepp i 1851.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 25 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.