Hans Øverland

Norwegian politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician
PlacesNorway
wasPolitician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth13 January 1828
Death2 May 1912 (aged 84 years)
Star signCapricorn
Family
Father:Orm Hansson Øverland
The details

Biography

Hans Andreas Ormsson Øverland (13. januar 1828–2. mai 1912) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Nedstrand i Rogaland. Orm Hansson Øverland var far hans.

Øverland kjøpte i 1848 garden Tveit i Nedstrand og dreiv denne til 1877. I 1877 vart han tilsett som lensmann i bygda, og busette seg på Nedstrand. Han hadde då i realiteten styrt stillinga for far sin i 20 år. Frå 1869 til 1906 var han medlem av forlikskommisjonen og sat elles ei rekke år i heradsstyret.

Øverland representerte Stavanger amt på Stortinget 1862-66 og 1877-85. Han var 1862-63 medlem av budsjettkomiteen og 1865-66 av protokollkomiteen. Heile bolken 1877-85 var han medlem av justiskomiteen, samt 1833-85 av valkomiteen. Vidare var han sekretær i Odelstinget 1877-79 og i Stortinget 1880-85.

Øverland var formann i Venstre i Stavanger amt i kring 15 år. I 1885 vart han medlem av straffelovskommisjonen.

Han døydde på Nedstrand i 1912.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 23 Jul 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.