Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norwegian politician and farmer | |
Places | Norway | |
was | Politician Farmer | |
Work field | Politics | |
Gender |
| |
Birth | 27 February 1872 | |
Death | 15 November 1952 (aged 80 years) | |
Star sign | Pisces | |
Politics: | Centre Party |
Biography
Hans Olsson Skurdal (27. februar 1872–15. november 1952) var ein norsk skulestyrar og gardbrukar frå Sør-Fron som representerte Bondepartiet på Stortinget i tre, til dels fire, valperiodar i tida 1922 til 1933.
Skurdal var son til ein gardbrukar. Han var elev 1889-91 ved hagebruksavdelinga på Ås landbrukshøgskule og deretter 1891/92 ved veterinær- og landbrukshøgskolen i København. Sidan var han stipendiat i Tyskland for å lære meir om frukttre og plantedyrking. I tida 1894 til 1899 var han gartnar og lærar ved Kalnes landbruksskole i Tune i Østfold. Frå 1899 var han så styrar av Fritzøe planteskole i Brunlanes til 1920. Han fekk skøyte på slektsgarden i Sør-Fron i 1911, men flytta dit fyrst i 1920. Skurdal var også skribent og gav ut småskrifter om skog- og hagebruk.
Skurdal var medlem av Brunlanes heradsstyre 1916-20. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann frå Oppland og representerte valkrinsen og Bondepartiet i åra 1922-27. Valperioden 1928-30 måtte han nøye seg med vere 1. vararepresentant til Stortinget, men møtte fleire veker både i 1928 og 1929. Stortingsperioden 1931-33 var han tilbake på fast tingsete. Dei to fyrste tingperiodane, 1922-24 og 1925-27, var han sekretær i Næringskomiteen. Valbolken 1931-33 var han sekretær i Lovkomiteen, dessutan odelstingspresident 1932-33.