Hans Meisingset

Norwegian politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician
PlacesNorway
wasPolitician
Work fieldPolitics
Gender
Male
Birth11 December 1854
Death8 July 1917 (aged 62 years)
Star signSagittarius
The details

Biography

Hans Larsson Meisingset (11. desember 1854–8. juli 1917) var ein norsk gardbrukar, lensmann, fyrvaktar og stortingsmann frå Tingvoll. Han var medlem av Venstre.

Foreldra var plassefolk i Tingvoll. Sjølv tok han eksamen ved underoffisersskulen i Trondheim i 1879. Åra 1880-94 var han gardbrukar på Meisingset i Tingvoll, deretter lensmann 1894-1909 i Sunndal og Øksendal, busett på Sunndalsøra. Sidan 1909 var han fyrvaktar på Børøholm fyr i Fillan.

Meisingset var ordførar i Tingvoll 1886-94 og elles forlikskommissær og valmann. I si tid i Sunndal var han medlem av heradsstyret, medan han etter han kom til Fillan var «direktør» i Ind-Hitterens sparebank.

Meisingset representerte Romsdals amt på Stortinget 1895-1903 og Søre Nordmøre krins 1906-09. Han var medlem 1895-97 og sekretær 1898-1903 i militærkomiteen, samt sekretær i Odelstinget 1898 og i Stortinget 1898-1903. 1900-03 var han og medlem av valkomiteen og i 1902 av den utvida justiskomiteen. 1906-09 var han på ny sekretær i Stortinget og medlem av næringskomite nr 1. Inn i mellom var han medlem av departementskomitear vedkomande organiseringa av marinen, om skyttarsaka og «utskrivingsvæsenet».

Han døydde på Børøholm fyr.

Kjelde

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 01 Aug 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.