Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Places | Norway | ||
Gender |
| ||
Birth | 17 May 1876 | ||
Death | 15 October 1954 (aged 78 years) | ||
Star sign | Taurus | ||
Family |
|
Biography
Hans Blom Peterson, også H.B. Peterson, (17. mai 1876–15. oktober 1954) var ein norsk industrimann frå Moss som representerte partiet Høgre på stortinget 1916-18. Heile den fyrste halvdelen av det 20. hundreåret var han den mektigaste mannen i Moss, og både i industriselskapet og i lokalsamfunnet vart omtala som Konsulen.
Peterson var utdanna jurist. Frå 1901 var han direktør for familiefirmaet M. Peterson & Søn i over 50 år. Han satsa langsiktig på å byggje ut cellulose- og papirproduksjonen i selskapet. Gjennom særleg si formannsrolle 1913-20 og 1922-27 i De norske Papirfabrikanters Forening kom han til å prege norsk papirindustri, han var elles 1927-30 president i Norges Industriforbund.
Peterson var ordførar i Moss valperioden 1911–13 og stortingsmann 1916-18 for einmannskrinsen Halden og Høgre, medlem i Sosialkomiteen. Frå 1917 og til utpå 1930-talet var han medlem i ei rad offentleg komitear og kommisjonar oppnemnd av storting og styringsverk. Peterson tok i 1902 over som fransk konsul i Moss.