Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Intro | Norsk embetsmann og stortingsmann | |
Places | Norway | |
Gender |
| |
Birth | 11 November 1818 | |
Death | 26 June 1902 (aged 83 years) |
Biography
Frederik Wilhelm Weidemann Norgreen (11. november 1818–26. juni 1902) var ein norsk embetsmann og stortingsmann, fødd på Eidsvoll. Han representerte Finmarkens amt (Troms og Finnmark) stortinget 1862-66 og Hedemarkens amt 1874-76.
Norgreen var son til ein militær offiser. Sjølv vart han student i 1835 og cand.jur. i 1842. Deretter var han sorenskrivar- og futfullmektig i to år og frå 1845 kopist i Revisjonsdepartementet. Han var så underrettssakførar 1849 i Smålenene og 1851 i Buskerud. I tida frå 1855 til 1867 var han fut og sorenskrivar i Tana, med unnatak for 1861-62 då han var sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdal. Sidan i livet var han sorenskrivar 1867-79 i Nord-Østerdal, busett på Tynset, og 1879-99 i Solør, busett i Grue.
Etter å ha vore fyrste varamann til Stortinget 1859-60 frå Finmarkens amt, representerte Norgreen same valkrinsen på Stortinget 1862-63, Omframtstortinget 1864 og Stortinget 1865-66. Då han var komen til Hedmark, møtte han på Stortinget 1874-76 som fjerde representant frå landkommunane i amtet. På Stortinget var han 1862-63 medlem av Justiskomite nr 2, 1865-66 sekretær i Konstitusjonskomiteen, 1874 medlem i Justiskomite nr 1 og 1875-76 formann i Justiskomiteen.
Norgreen døydde i Vinger i 1902.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Autoritetsdata | |
---|---|
Autoritetsdata |