Erik Andreas Thomle

Norwegian politician
The basics

Quick Facts

IntroNorwegian politician
PlacesNorway
wasPolitician Shipowner
Work fieldBusiness Politics
Gender
Male
Birth13 September 1782, Arendal, Norway
Death23 January 1848Oslo, Norway (aged 65 years)
Star signVirgo
Family
Children:Iver Steen Thomle
The details

Biography

Erik Andreas Thomle (13. september 1782–23. januar 1848) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar, verftseigar og stortingsmann frå Arendal. Han var far til Iver Steen Thomle.

Thomle var son av ein kjøpmann i Arendal. For mellom anna å lære seg språk, oppheldt han seg utanlands, England og Frankrike. Han arbeidde deretter på kontoret hos far sin i Arendal, og sidan på eit handelskontor i København. 1807-14 var han bokhaldar på Frolands verk. I 1815 overtok han forretningane etter far sin. Han dreiv då trelast-, korn- og kolonialhandel, utreiing av skip og eigde verft.

Thomle representerte Arendal på Stortinget år 1824, 1827, 1828 og 1830. Han var i 1824 medlem av næringskomiteen og komiteen om kjøpstadskatten. Både i 1827 og 1830 var han medlem av tollkomiteen, medan han i 1827 var med i komiteen om Larvik grevskap og i 1830 på ny medlem av komiteen om kjøpstadskatten.

I 1830 flytta Thomle til Kristiania, han kjøpte og busette seg på ein eigedom på Skillebekk i Aker. Der døydde han i 1857.

Kjelder

The contents of this page are sourced from Wikipedia article on 18 Jun 2020. The contents are available under the CC BY-SA 4.0 license.