Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Places | Norway | |
was | Historian Archivist Genealogist | |
Work field | Science Social science | |
Gender |
| |
Birth | 16 April 1849 | |
Death | 12 August 1936 (aged 87 years) | |
Star sign | Aries |
Biography
Erik Andreas Thomle jr. (fødd 16. april 1849 i Christiania, død 12. august 1936 i Oslo) var norsk jurist, statsarkivar og genealog. Han var son av assessor August Thomle og Helene Marie Fredrikke Binneballe.
Han vart student frå Nissens latin- og realskole i 1868, ex. philos. i 1869 og cand. jur. med laud 19. desember 1873.
Thomle var konstituert sorenskrivar i Holt i 1876, og vart tilsett i Justisdepartementet i 1877. Han vart tilsett som assistent i Riksarkivet i 1879, frå 1881 vart han fast tilsett, i 1886 vart han utnemnd til "fuldmægtig" (frå 1898 kalla archivar). Han var konstituert riksarkivar i 1905, 1911-1912 og i 1913. I 1914 vart han stiftsarkivar (frå 1919 statsarkivar) for Stiftsarkiva i Kristiania. I si tid i Riksarkivet tok Thomle initiativ for å få samla inn landets kyrkjebøker.
Som genealog var Thomle ein av stiftarane av den norske avdelinga av Samfundet for dansk-norsk Genealogi og Personalhistorie i 1879. Han var styremedlem der heilt til den norske avdelinga i 1926 danna si eiga foreining, Norsk Slektshistorisk Forening.
E. A. Thomle publiserte ei rekke monografiar og tidsskriftartiklar, og var redaktør i Norsk tidsskrift for genealogi, personalhistorie, biografi og litteraturhistorie, som kom ut med 16 hefte frå 1906 til 1926. Han var òg med på å gje ut fleire kjeldeskrifter, mellom anna fleire band av Norske Rigs-Registranter og Norske Herredags-Dombøker.
Utvald bibliografi
- Borgermester Anders Jenssøn Helkands optegnelser (1891)
- Biografiske Efterretninger om Studenterne fra Aaret 1868: samlede i Anledning af deres 25 Aars Studenter-Jubilæum (1893)
- Hoved-register til Den norske turistforenings årbøger 1868-93 (1894)
- Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark (1896)
- Fortegnelse over Regjeringsraadet og Rigsforsamlingens Medlemmer (1902)
- Westye Egebergs slægt: genealogiske og personalhistoriske efterretninger (1910)
- Familien Hofgaard i Norge: genealogiske og personalhistoriske oplysninger (1911)
- En gren af Tordenskjolds-familien (1912)
- Familien Thomle: genealogiske og personalhistoriske Oplysninger (1913)
- Studenterne fra 1868: festskrift i anledning af deres femtiaars-jubilæum den 2. september 1918
- Slegten Stenersen fra Vaalen i Gausdal samt andre slegtgrene fra Vaalen (1924)