Biography
Lists
Also Viewed
Quick Facts
Biography
Emil Ramsauer er ein sveitsisk frelsesarmesoldat og kontrabassist og gitarist i musikkgruppa Heilsarmee.
Die grosse Entscheidungsshow
15. desember 2012 deltok Heilsarmee i Die grosse Entscheidungsshow med songen «You and Me». Bidraget vann med 37,54 prosent av røystane. Gruppa vil dimed representere Sveits i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.
Eurovision Song Contest 2013
«You and Me» vil verte framførd i éin av dei to semifinalane 14. og 16. mai 2013. 17. desember 2012 annonserte Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at gruppa må endra namn og sceneantrekk for å delta i Eurovision Song Contest av di det ikkje er lov med politiske eller kommersielle bodskap, i dette tilfellet for Frelsesarmeen. Om gruppa ikkje gjer noko med dette før januar 2013 vert dei diskvalifisert. Ramsauer vil verte den eldste deltakaren i Eurovision Song Contest nokonsinne om gruppa får delta.
Fotnotar
- ↑ «Swiss Salvation Army name and uniform cannot be used in Malmö» . ESCToday. 17. desember 2012. Henta 20. desember 2012.
- ↑ «Frelsesarmesoldaten Emil (94) er tidenes eldste Eurovision-deltaker» . Dagbladet. 19. desember 2012. Henta 20. desember 2012.
- «Emil Ramsauer - Heilsarmee Schweiz, Österreich & Ungarn» . Heilsarmee. Henta 20. desember 2012.